Vekas tur til Muldalsfossen

Muldal - Klikk for stort bilete Torsdag 26. mai. Oppmøte på parkeringsplassen i Sødalsvika/Muldalsvika kl 1800. Ferje frå Eidsdal kl 1715. Viss du ikkje har vore på usiktspunktet for Muldalsfossen så er dette ei god anledning til å oppleve det. Fossen har ei spennande historie som turleiar Astor Furseth vil fortelje om.

IMG_4144.JPG - Klikk for stort bilete

Til Muldal går vi etter god turveg som vart opparbeidd på slutten av 1800-talet. Vegen slyngjer seg i 13 svingar om lag 2 km oppetter den bratte lia. Alle svingane har namn. Himmelfartsvingen har fått namnet sitt av ein hest som skal ha hatt så stor fart her at han for utfor vegen og blei skada sopass mykje at han måtte slaktast. I Stuggesvingen rasa det stundom stein, så der var det om å gjere å kome seg raskast muleg forbi. Vegen går gjennom Muldalslia naturreservat, verna i 2003 for å ta vare på varmekjær lauvskog. Det er Muldalsbakkane veglag som vedlikeheld vegen, og det er høve til å gi støtte til drifta til «vegvaktaren» som står i bua si på nedste del av vegen.

Muldal ligg 370 moh. og er ein gammal gard, truleg frå 1600-talet. Her ligg to gardsbruk med store våningshus og løer som er plassert fram på kanten til den hengande dalen. Gardane har bøar og teigar framover langs elva. Muldal vart fråflytta i 1955.

Muldalsfossen er den største fossen på Sunnmøre med eit fritt fall på om lag 180 meter. Men på grunn av vasskraftutbygging på slutten av 1950-talet og framover har vassmengda i fossen minka mykje. Fossen er regulert. For å kome til utsiktspunktet skal vi følgje stien som går nedover på vestsida av fossen. Stien med rekkverk kosta ein del, og vart bygt på dugnad allereie rundt 1890, finansiert hovudsakleg av Den norske Turistforening. Det blir meir om den spesielle historia til Muldalsfossen undervegs.

Ein kan gå vidare framover dalen til Tafjordsætra og Muldalsætra, og på DNT-merka råser lenger innover fjellet. På Muldal er det Stikk UT-post.

Kjentmann og historieforteljar er Astor Furseth (tlf 99608408).
Turen tek om lag tre timar inkludert pausar.

Vel møtt på tur!

 

Torsdag 2. juni blir det ordførarens tur med kulturvandring på Bjørstad i Valldal.
Oversikt over vekas tur 2016 (PDF, 151 kB)

Veka tur Norddal 19.5.16. Storrunden - på veg mot Dale - Klikk for stort bilete

Sist endra 26.05.2016