Vekas tur til Skusetsætra

Vekas tur ved Olavskjelda 14.5.15 - Klikk for stort bileteVekas tur ved Olavskjelda 14.5.15 Torsdag 21. mai går turen til Skusetsætra i Eidsdal. Oppmøte og parkering på rasteplassen på Eide kl 1800. Ferje frå Linge kl 1730. 

Utsikt frå Små-Skorene - Klikk for stort bilete

Turen startar med ei litt bratt stigning oppover mot Eidsheia, før vi tek til til høgre for elva og går oppover lia ovanfor Solvang camping.
Deretter går det slakare oppover mot sætra. Skusetsætra ligg høgt og fritt 700 moh., med god utsikt mot imponerande Skorene (1829 moh.) midt i mot og utover heile dalen. Sætra vart lagt ned på slutten av 1800-talet, og no stend berre murane att.

 

Vi held fram vidare slakt oppover mot Sledalen, og så ned gjennom  fin lauvskog og ope mark mot Skuset. Det ligg framleis att ein del snø i høgda, så vi må ta atterhald om at siste del av turen kan gjennomførast. Om ikkje må vi gå nedatt same vegen som vi kom. 

Ha gode sko då det kan vera blautt. Turen tek om lag to timar. Turleiar er Torveig Klamdal/ Eidsdal IL (tlf 93452990).

 

Neste veke blir det også ein sætretur, denne gongen frå Klovset til Åsesætra og Berdalssætra i Valldal.

Oversikt over vekas tur 2015 (PDF, 80 kB)