Vekas tur til Storkaldhusdalen i Tafjord

Kaldhussetervatnet.JPG - Klikk for stort bileteKaldhussetervatnet.JPG

Vekas tur torsdag 30. juni går til idylliske Storkaldhusdalen. Oppmøte på Kaldhussættra kl 1800. Ferje frå Eidsdal kl 1700.

IMG_4749.JPG - Klikk for stort bileteIMG_4749.JPG

Oppmøte og parkering ved enden av vegen til Kaldhussætra, ved kraftstasjonen K3. Frå Tafjord er det om lag 15 minuttar å køyre til Kaldhussætra, som ligg 600 moh.

 

Første del av turen følgjer råsa langs fremste Kaldhussætervatnet. Enkelte stadar kan det vere vått og sleipt, så vi anbefalar godt fottøy. Ved enden av vatnet går så stien svakt oppover – over berg, forbi små vatn, fossefall og over to hengebruer. Vi går gjennom ein ”hage” av blomster og idyllisk natur.

 

Etter vi har passert den andre hengebrua skal vi følgje stien eit stykke vidare mot Slettdalsvatnet – opp ein litt bratt bergkneik og vidare til ei furu som står like ved råsa. Det er ei gammal og ei litt yngre furu som har tvinna seg vakkert rundt kvarandre. Nedanfor ligg Illstigvatnet, 692 moh., og ikkje mange metrane ovanfor finn vi restane av dei ”nyoppdaga” setermurane som er omtala i boka Til seters (Valldal Bygdekvinnelag, 2012). No er vi ved målet for turen, og her tek vi ein rast.

 

Turen tek om lag tre timar.

Ferje frå Eidsdal kl 1700.

Turleiar er  Per Oddmund Tafjord ( tlf 95874419).

 

Vel møtt til ein fin kveldstur i Tafjordfjella!

 

Torsdag 7. juli går turen til Hjellen, setra for fjordgarden Ospahjellen i Eidsdal.

Så tek vekas tur sommarpause fram til 11. august.

 

Vekas tur 2016 (PDF, 151 kB)