Vekas tur til Storsæterfossen

Berdalssetra.jpg - Klikk for stort bilete Torsdag 4. juni ynskjer vi alle velkomne til å vere med på ein av dei mest nytta turane i reiselivssamanheng i Geiranger, fotturen opp til Storsæterfossen. Oppmøte på Vesterås kl 1800.

Friluftslivets_ar_elementer_2_green_CMYK.JPG - Klikk for stort bilete

Ferje frå Linge kl 1700. Vi oppmodar om samkøyring til Geiranger. Bilane parkerer vi på Vesterås gard, der turruta startar. Turen opp til Storsæterfossen er ein relativt lett tur, og ein reknar knapt 45 minutt opp i moderat fart. Ved mange pausar går det meir tid. Det er jamn stigning heile vegen, og etter at sherpaer i fjor steinsette råsa, går store delar i ei slags «steintrapp». Undervegs går vi framom Liasætra, men her er det berre steinmurar att etter husa.

 

Storsæterfossen vert rekna som ein av dei flottaste fossane i landet og er særmerkt ved at ein kan gå inn under fossefallet, på baksida av sjølve fossen. Der fossen spring ut, er det eit idyllisk platå og ein fin pauseplass. Vi gjer merksam på at ein må halde seg unna dei bratte elvesidene og stupa mot fossen. Ei ulukke her kan få fatale følgjer.

 

Like framanfor Storsæterfossen ligg Storsætra. Kanskje legg vi også turen innom her.

 

Alt etter vêrforholda vurderer vi om vi går gamleråsa oppover og den nyare råsa nedatt (siste delen) på turen. Etter at råsa vart steinsett, er det stort set tørre forhold. Ved mykje nedbør kan det vere gjørmete øvste delen, og i den nedste delen på gamleråsa. Sistnemnde stad kan det òg vere glatte svaberg. Normalt sett er dette ein «joggeskotur».

 

Pausar ved Liasætra og oppe ved Storsæterfossen og/eller på Storsætra. I tillegg kanskje ein fotostopp når vi ser fossen på veg oppover.

 

Turleiar er Verdsarvstiftinga/Jan Erik Westerås.

 

Neste vekas tur går til Brekkå i Valldal torsdag 11. juni. Måndag 15. juni tek vi turen til Ansok i Liabygda.

Oversikt over vekas tur 2015. (PDF, 80 kB)

 

Vel møtt på tur!

Sist endra 03.06.2015