Verdas aktivitetsdag tysdag 10. mai

psykisk helse001.JPG - Klikk for stort bilete Norddal markerer verdas aktivitetsdag med ein friskivstur for alle til Muldal - og med ei oppfordring til små og store innbyggjarar om å ta seg ein sykkeltur denne dagen. Alle som registrerer seg i ei av sykkelbøkene er med i trekninga av premiar. 

Muldal - Klikk for stort bilete

Frisklivstur til Muldal
Passar for alle. Bli med på tur! Det blir servert forfriskningar på toppen. Oppmøte i Sørdalsvika/Muldalsvika kl 0915. Ferje frå Eidsdal kl 0845. Turleiar er ergoterapeut Tina (tlf 97159268). Ta kontakt om du treng skyss eller har spørsmål.

Alle er hjarteleg velkomne til å vere med!
 

Den store sykkeldagen

Vi oppfordrar alle innbyggjarar til å bruke sykkel til og frå jobb, skule og fritidsaktivitetar 10. mai. Vi oppfordrar også arbeidsgivarar til å setje fokus på dette, til dømes gjennom interne konkurransar på arbeidsplassen.

Alle som tek ein sykkeltur og registrerer seg i ei av sykkelbøkene denne dagen er med i trekninga av premiar.

Sykkelbøkene blir lagt ved inngangen til følgjande stadar:

Eidsdal skule
Eidsdal omsorgsbustad 
Dalsbygda barnehage
Butikken i Tafjord
Barnehagen i Fjørå
Syltebøen barnehage
Valldal skule
Bilioteket/rådhuset på Sylte