Vi skal verdsette eldsjelene og god byggeskikk

Magfaldsmarknad 2013 -4 - Klikk for stort bilete I år er det høve til å dele ut både kulturpris, eldsjelpris og byggeskikkpris, og då ønskjer vi forslag på mange gode kandidatar. 

Kulturpris

Kulturprisen kan delast ut kvart år. Prisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper eller lag og organisasjonar som høyrer heime i Norddal, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats.

Vedtekter kulturpris (PDF, 21 kB)

 

Eldsjelpris

Eldsjelprisen vart delt ut for første gong i fjor. Torveig Klamdal var ein verdig vinnar.

Prisen skal gå til ein person eller organisasjon som er fylt med iver og begeistring, gjer eller har gjort, ein innsats til beste for lokalsamfunnet. 

Vedtekter eldsjelpris (PDF, 20 kB)

 

Byggeskikkpris

Prisen er oppretta for å stimulere til og framheve tiltak med god byggeskikk, miljøvern og handverkstradisjon i kommunen og distriktet.

Vedtekter byggeskikkpris (PDF, 31 kB)

 

Alle kan kome med forslag, som skal sendast til Norddal kommune, postboks 144, 6211 Valldal eller post@norddal.kommune.no innan 10. oktober.