NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    X

Saksmappe:          06/00456-1

Sakshandsamar:   Stig Holmstrøm

Dato:                      11.06.06

 

Møtebok

                                  

 

 

Kloster på Syltefjellet - rapport og vidare oppfølging  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

068/06

Formannskapet

20.06.06

077/06

Formannskapet

04.07.06

057/06

Kommunestyret

18.10.06

 

Utsendte saksdokument:

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Formannskapet tar til vitande den dialogen som har funne stad mellom representantar for Norddal kommune og erkebiskop Ieronymos, og ser dette som eit grunnlag for å arbeide vidare med målsettinga om etablering av eit kloster på Syltefjellet.
  2. Formannskapet ser for seg ei stegvis utvikling i saka, og vil at ein i første hand startar arbeid med kulturutveksling mellom Norddal kommune og aktuelle miljø innan det geografiske området som vert dekt av den gresk-ortodokse kyrkja under leiing av erkebiskop Ieronymus og i samråd med han. Som ein oppstart på utviklinga av slikt kulturelt samarbeid vert erkebiskop Ieronymus og arkemandritt Athinagoras invitert til vitjing i Norddal kommune under Olsokfeiringa.
  3. Formannskapet ønskjer at rådmannen snarast set i gang arbeid for å sjå korleis Olavstradisjonen knytt til Norddal kommune betre kan nyttast i marknadsføring av kommunen og som grunnlag for ny kultur- og næringsutvikling.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  20.06.06:

Saka vart utsett.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 20.06.06:

Saka vart utsett.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  04.07.06:

Det vart sett fram slikt samordna forslag frå Svein Linge, Al og Signe Brenna, Nl:

1.      Formannskapet tar til vitande den dialogen som har funne stad mellom representantar for Norddal kommune og erkebiskop Ieronymos.  Formannskapet er positive til planane om eit kloster på Syltefjellet, og ber Den Norske Kyrkja v/biskopen i Møre om å følgje opp vidare klosterplanar på Syltefjellet, evnt. kulturutveksling mellom erkebiskop Ieronymos og miljøet for etablering av eit eventuelt kloster.

 

2.      Frå Norddal kommune vert det no ikkje teke fleire initiativ for å realisere kloster på  Syltefjellet. Dersom det kjem konkrete initiativ frå den greskortodokse kyrkja i Hellas, vil kommunen vere positiv til det.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

Røysting over pkt 1 og 2:

4 røysta for forslaget frå Svein Linge og Signe Brenna

3 røysta for innstillinga som fall

 

Røysting over pkt. 3:

Samrøystes i samsvar med innstillinga

 

Ordføraren foreslo bruk av instituttet ”mindretalsanke”, og ba om at saka vart avgjort av

kommunestyret.

Forslaget fekk 3 røyster, og vert å handsame av kommunestyret.

 

 


Innstilling i  Formannskapet - 04.07.06:

  1. Formannskapet tar til vitande den dialogen som har funne stad mellom representantar for Norddal kommune og erkebiskop Ieronymos.  Formannskapet er positive til planane om eit kloster på Syltefjellet, og ber Den Norske Kyrkja v/biskopen i Møre om å følgje opp vidare klosterplanar på Syltefjellet, evnt. kulturutveksling mellom erkebiskop Ieronymos og miljøet for etablering av eit eventuelt kloster.

 

  1. Frå Norddal kommune vert det no ikkje teke fleire initiativ for å realisere kloster på  Syltefjellet. Dersom det kjem konkrete initiativ frå den greskortodokse kyrkja i Hellas, vil kommunen vere positiv til det.

 

  1. Formannskapet ønskjer at rådmannen snarast set i gang arbeid for å sjå korleis Olavstradisjonen knytt til Norddal kommune betre kan nyttast i marknadsføring av kommunen og som grunnlag for ny kultur- og næringsutvikling.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  18.10.2006:

Viktor Valdal, Al fremma rådmannen si innstilling.

 

Prøverøysting:

11 røysta for Viktor Valdal sitt forslag

10 røysta for innstillinga

 

Endeleg avrøysting:

12 røysta for Viktor Valdal sitt forslag

  9 røysta for innstillinga

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 18.10.2006:

1.   Formannskapet tar til vitande den dialogen som har funne stad mellom representantar for Norddal kommune og erkebiskop Ieronymos, og ser dette som eit grunnlag for å arbeide vidare med målsettinga om etablering av eit kloster på Syltefjellet.

2.   Formannskapet ser for seg ei stegvis utvikling i saka, og vil at ein i første hand startar arbeid med kulturutveksling mellom Norddal kommune og aktuelle miljø innan det geografiske området som vert dekt av den gresk-ortodokse kyrkja under leiing av erkebiskop Ieronymus og i samråd med han. Som ein oppstart på utviklinga av slikt kulturelt samarbeid vert erkebiskop Ieronymus og arkemandritt Athinagoras invitert til vitjing i Norddal kommune under Olsokfeiringa.

3.   Formannskapet ønskjer at rådmannen snarast set i gang arbeid for å sjå korleis Olavstradisjonen knytt til Norddal kommune betre kan nyttast i marknadsføring av kommunen og som grunnlag for ny kultur- og næringsutvikling.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Planar om etablering av gresk-ortodoks kloster i Valldal har versert lenge, og saka kom så langt i 2001/02 at det vart sett av areal i Syltefjellet for slik etablering. Saka har over tid hatt mykje mediefokus, helst med positiv vinkling, sjølv om også skeptikarane har vore mange. Kontakten mellom kommunen og den gresk-ortodokse kyrkja har vore oppretthalde i denne tida, med noko ulike aktørar, der ein har hatt visittar og gjenvisittar hos kvarandre i Noreg og Hellas.

 

Saksopplysningar:

På bakgrunn av utspel som er kome til kommunen, vart det av ordføraren tatt initiativ til møte med erkebiskopen av Thebes og Levadia, Ieronymus, med tanke på å få ei endeleg avklaring for planane om etablering av kloster. Etter handsaming i formannskap og kommunestyre vart det beslutta at ordørar og rådmann samt ein medlem frå formannskapet (Oddfrid Tafjord) skulle reise til Hellas for å møte erkebiskopen der. Reisa vart gjennomført i tidsrommet 13.-15. mai.

Tidspunktet for besøket i Hellas var nært knytt opp til eit studiebesøk for  mastergradsstudentar innan helsearbeid i Noreg, som under (reise)leiing av dr. Vasso Gemou-Engeseth besøkte Hellas for å samanlikne helsetilbod/helsepolitikk med Noreg. Vasso G. Engeseth, som er gresk-norsk, har vore nytta som kontaktformidlar og tolk i høve den gresk-ortodokse kyrkja og erkebiskopen ved tidlegare høve, og har eit framifrå og for oss verdifullt kontaktnett i høve dette miljøet. Ho og mannen Leif Engeseth var såleis saman med oss desse 2-3 dagane.

Det vil føre for langt å gå inn på dei opplevingane vi hadde desse dagane, men rådmannen vil for sin del gi uttrykk for interessante og lærerike opplevingar av menneske, natur og kultur, og ei gjestfriheit som var imponerande. Som erkebiskopen sine inviterte gjestar vart vi tatt utruleg godt i vare på alle vis, og det vart vist både i ord og handling at dei såg på oss som velkomne og viktige gjestar.

Frå ein byråkratisk rådmannssynspunkt kan det vere vanskeleg å akseptere at ein ikkje kan gå rett til forhandlingsbordet og så få klare avgjerder i høve dei spørmål som er aktuelle, men eg forsto raskt at slik fungerer det ikkje i dette miljøet. Det tok tid å nærme seg og å få reelle diskusjonar rundt det vi var komne til Hellas for, sjølv om ordføraren ved fleire høve gjorde klart kva vårt ærend var. Først søndags ettermiddag/kveld fekk vi det eg vil kalle målretta og konkrete samtalar om eventuell bygging av kloster i Norddal kommune. Vi tre som representerte kommunen, hadde fleire spørsmål rundt tidlegare samtalar med andre miljø innan den gresk-ortodokse kyrkja, og omkring muleg framdrift i planane. Ei kort oppsummering kan vere:

  1. Det vil vere naturleg framover for Norddal kommune å forhalde seg direkte til erkebiskopen av Thebes og Lavidia, Ieronymus. (Og naturlegvis hans stab.)
  2. Målsettinga om eit kloster i Syltefjellet ligg fast.
  3. Det er ønskjeleg å starte eit arbeid for å bli betre kjend med kvarandre gjennom t.d. kulturutvekslingar.
  4. Før ein etablerer eit kloster, kan det vere aktuelt med ei mindre kyrkje i nærliggjande område.
  5. Erkebiskopen vil gje skriftleg tilbakemelding til Norddal kommune v/ordføraren som stadfestar det ovannemnde.

 

Saksvurdering og konklusjon:

I skrivande stund er erkebiskopen si tilbakemelding kome, men på gresk. Det vert arbeidd med å få ei oversetting av brevet til norsk til formannskapet sitt møte, men så langt vi har forstått det, er innhaldet ei stadfesting av det som er nemnd ovanfor.

Rådmannen synest det hadde vore greiast om ein allereie no kunne seie noko om når eit kloster på Syltefjellet kunne realiserast. På bakgrunn av den utviklinga saka har hatt, og ut frå ei forståing av naudsynte prosessar innan den gresk-ortodokse kyrkja, finn eg det likevel positivt at ein held fast målsetting om etablering av kloster.

M.o.t. stegvis framdrift i arbeidet, med ein oppstart gjennom kulturutveksling mellom vår kommune og det aktuelle greske miljøet, synest dette for rådmannen å kunne vere spanande utviklingsarbeid, som kan vere med og løfte perspektivet ut over eigne lokale og nasjonale (kultur)grenser, og som kan gje synergiar i høve reiseliv, næringsutvikling, busetjing og kulturutvikling! Kan hende bør det opprettast venskapsavtale med eit nærare definert område i Hellas, lik det ein kjenner for samarbeid mellom venskapskommunar elles?

Ein katalysator for, og eit viktig element i planane for kloster i Valldal, er Heilag Olav og Olavstradisjonane knytt til vårt område,  som er synleggjort gjennom så vel segn og historieskriving som synlege kulurminne. Norddal kommune har, etter rådmannen si meining, eit potensiale for vidareutvikling og betre synleggjering av desse tradisjonane, også med tanke på identitetsskaping, merkevarebygging, marknadsføring, reiselivs- og kulurutvikling. Ein bør sjå på korleis ei slik vidareutvikling kan skje, i brei dialog med reiseliv/næringsliv, kyrkje, kulturorganisasjonar og andre interessentar. Kan hende bør dette etablerast som eige prosjekt, med kommunen som initiativtakar og aktiv medaktør.

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann