Næring

Klikk for stort bilete

Næringsavdelinga forvaltar den kommunale og statlege næringspolitikken. Ein legg til rette for og arbeide med næringsutvikling i vid tydning, og vere eit kompetanse- og rådgivningsorgan for alle næringar.

Leiar er Toralv Klokkehaug, tlf. 975 15 319,
e-post: toralv.klokkehaug@norddal.kommune.no

Publisert 25.09.2018

Søknadsfristen er 15.oktober 2018, det vert opna for å søkje frå og med 1.august, for beitelaga er fristen 1.november.

Informasjon om Regionalt miljøprogram blir ikkje sendt ut på papir i år

Publisert 22.08.2018
Hjort

Alle elg eller hjort som blir observert under jakta skal rapportetast inn, måten dette blir gjort på er blitt betre.

Alle jegerar og jaktlag skal ikkje trekke frå dyr dei meiner å ha sett fleire gangar same dag, altså dobbeltobservasjonar.  Dette bidreg til meir presise data i registreringsløysinga Sett elg og hjort.

Rapporteringa av observasjonar frå jeger har stor betydning for forvaltninga av desse artane. Slike data har blitt eit av dei mest brukte verktøyet innan norsk forvaltning og overvaking av hjortevilt, fordi dei brukast til bestandsindeksar.

Innsamling av observasjonane skjer elektronisk via Settogskutt.no

 

Les meir om korleis registrere observasjonsdata på Hjortevilt.no

Les meir om endringane i rapporteringa av sett elg og hjort på Hjortevilt.no

Publisert 14.08.2018

Fylkesmannen melder om utsett spreiefrist i år, frå 10. til 17.august. Det gjeld regionalt miljøtilskot for tidlegspreiing av husdyrgjødsel.

 

Publisert 13.08.2018

Etter ein mager førsteslått og lite regn i etterkant kan vi frykte eit magert grasår.

Ved mistanke om avlingssvikt, må dette straks meldast til kommunen på postmottak@norddal.kommune.no.

 

 

Publisert 09.07.2018

15.august startar vi opp med elektronisk søknad i ordninga Avløysing ved sjukdom og fødsel mv i jordbruket. Det vil fortsatt vere muleg å levere papirskjema i stund framover, men etter kvart blir ordninga fullelektronisk. I første versjon av registrerngsprogrammet vil det ikkje vere muleg for kommunen å registrere papirsøknadar, først etter ei oppdatering i slutten av september er dette muleg.