Kommunalt næringsfond

Det kommunale næringsfondet skal i første rekkje nyttast til næringsføremål som bedriftsutvikling, etableringstilskot, investeringar i bedrifter og til kommunale næringstiltak.Strategisk næringsplan bør vere retningsgjevande for finansiering som blir gitt frå fondet. I strategisk næringsplan er dette hovedmålet skissert:

Norddal kommune skal stimulere til eit lønsamt, nyskapande og berekraftig næringsliv som primært tek utgangspunkt i næringar som har naturlege konkurransefortrinn i området.

Hovedmålet er utforma i 3 delmål:

  • Fleire og meir overlevingsdyktige verksemder
  • Fleire arbeidsplassar
  • Auke folketalet med minst 50 innbyggarar i planperioden

Finansiering frå næringsfondet kan berre gjevast i form av tilskot. Samla finansiering frå fondet til private næringstiltak skal som hovedregel ikkje vere meir enn 50 % av samla kapitalbehov for prosjektet. For prosjekt som har særleg stor verdi i høve til Strategisk næringsplan, kan næringsfondet vere med på inntil 75 % av finansieringa.

Vi gjer merksam på at vedtekter og retningsliner er justerte, og at det har kome inn nye krav til innhald og dokumentasjon i søknaden.

Søkjar SKAL ta kontakt med Fjordhagen AS på tlf. nr. 48 99 54 60 eller post@fjordhagen.com i samband med søknadsprosessen. Denne tenesta er gratis.

Send søknad via www.regionalforvaltning.no

I tillegg til det som går fram av søknadsskjemaet, ynskjer vi  diverse tilleggsopplysningar – sjå vedlagte skjema (Mal for opplysningar om bedrifta)

Viser også til vedlagte vedtekter og retningsliner for næringsfondet.

Kontaktperson i Norddal kommune er Toralv Klokkehaug.

Sist endra 13.03.2017

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne