Klima og miljøprogrammet

Gjødselspreiing - Klikk for stort bilete

Søknad om tilskot frå klima og miljøprogrammet  2015  (også kalla informasjonsmidlane )

(Klima og miljøprogram, forskrift 207, hjemmel 1)

For 2015 har Møre og Romsdal fått tildelt kr. 250.000,- i tilskotsmidlar.  

Sentralt er det opplista  4 hovudkategoriar i klima og miljøprogrammet: Klimatilpassing, klimagassutslepp og karbonbinding, naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet og forureining til vatn, jord og luft. Fylkesmannen kan innafor desse rammene velje å prioritere enkelte tema eller prosjekttyper.

 

Innafor dei nasjonale rammene er desse tema prioriterte for Møre og Romsdal i 2015:

 

  • Robust matproduksjon med tanke på overvintring m.v.
  • Lagring og handtering av husdyrgjødsel og biorest
  • Grøfting og hydroteknikk
  • Klimagassutslepp frå jordbruket og tiltak for å redusere utslepp av lystgass og metan
  • Energieffektivisering

 

Denne informasjonen om tilskotsordninga vert no kunngjort via e-post.  Vi ber om hjelp til vidare kunngjering  gjennom  dykkar informasjonskanalar.

Søkjarar kan vere:

  • Landbruksforetak eller andre bedrifter
  • Fag- eller næringsorganisasjonar
  • Kompetansebedrifter, utgreiings- og forskningsmiljø
  • Forvaltningsorgan som arbeider for betre miljøpraksis

Fylkesmannen ønskjer søknader  med kostnadsoverslag og finansieringsplan innan  20. mai  2015.

Søknadsskjema kan du finne på Landbruksdirektorartet sine heimesider

Søknadane sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/ Fitje, Postboks 2520, 6404 Molde

Eller som e-post:  fmmrpostmottak@fylkesmannen.no

Spørsmål kan rettast til   Ottar longva  ottar.longva@fylkesmannen.no        tlf: 71258402

eller Byrge Fitje  byrge.fitje@fylkesmannen.no               tlf 71258416

Sist endra 16.04.2015