Nytt tilskotssystem for produksjonstilskot i 2017, søknadsfrist 15.mai

Sau i Hogsetdalen.JPG - Klikk for stort bilete Frå og med mai 2017 skjer det endringar i høve til korleis føretak skal søke om produksjonstilskot i landbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Søknadsfristane er 15.mai med teljedato 1.mai og 15. oktober med teljedato 1.oktober.
Søknadsfristen er absolutt.

Elektronisk søknad sendast inn via Altinn, søknaden kan ikkje sendast inn på papir. 

Enkelte opplysningar kan etterregistrerast etter 15.oktober men innan 10.jaunar
- Avløysarutgifter for perioden 15.oktober til 31.desember
- Dyr på beite som er tatt ned frå utmarksbeite seinare enn 15.oktober
- Livdyr av gris, kylling og kalkun som er solgt mellom 15.oktober og 31. desember
- Frukt, bær,veksthusgrønnsaker, som er levert til godkjent omsetningsledd mellom 15.oktober    og 31.desember, om som det blir søkt distriktstilskot for.

Aktuell søknadsomgang
 

Overgangsåret 2017

Du kan lese meir om endringane på Landbruksdirektroratet sine nettsider

Sist endra 16.05.2017