Produksjonstilskot 15.mars

Beiting i sommarsol - Klikk for stort bilete Søknadsfrist for del 1 av søknaden er 15.mars 2018, med telledato 1.mars. Søknadsfrist for del 2 av søknaden er 15.oktober, med telledato 1.oktober. Ved del 1 av søknaden er det husdyrprodusentar som kan levere søknad. Ved del 2 kan både husdyr- og planteprodusentar levere søknad.

Søknaden skal leverast elektronisk vi Altinn, det er ikkje adgang til å levere paprisøknad. Føretak som leverer søknad innan fristen kan endre opplysningane i søknaden innanfor 14 dagar utan å få trekk.

Søknadsfristen er absolutt

Direkte lenkje til søknadsskjema i Altinn.

15.mars kan det søkjast om:

- Husdyrtilskott (unntatt bikuber)
- Tilskott til økologisk husdyrproduksjon

- Driftstilskott til mjølkeproduksjon
- Driftstilskott til spesialisert kjøtfeproduksjon

Ein må og registrere dyr som gjev grunnlag for:

- Tilskott til avløysing ved ferie og fritid
- Tilskott til grofvôrareal

(desse to tilskota søkjer du om i del 2, men du må ha registrert i søknaden dyra du disponerer per 1.mars for at desse skal takast med i tilskottsgrunnlaget for dei to tilskotsordningane)

Meir informasjon på Landbruksdirektoratet sine heimesider

Sist endra 19.03.2018