Regionalt miljøprogram 2019 - 2022

Klikk for stort bileteRegionalt miljøprogram er revidert, og skal gjelde for perioden 2019 - 2022.

Søknadsfristen for Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal er 15.oktober og 15.november for beitelag. Du kan starte registreringa i søknaden frå 1.august.
Dei regionale miljøprogramma er laga for å styrkje miljøarbeidet i jordbruket, og for å synleggjere jordbruket sin miljøinnsats.

Søknaden skal leverast elektronisk via Altinn.

Importfunksjonen er deaktivert for søknadsomgangen 2019. Årsaken til dette er omfattande endingar i RMP-tiltaka og korleis desse er lagt inn i søknadsskjemaet. Import-funksjonen blir skrudd på igjen frå og med søknadsomgangen 2020. Dette betyr at alle tiltak må teiknast inn i kartet på nytt, ta kontakt med oss i god tid før søknadsfristen om du treng hjelp.

Informasjon blir sendt ut til alle føretak som søkte om produksjonstilskot førre året.

Les meir på heimesida til Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 06
Tittel :
Saksbehandlar
Bunnhjørne