Spesielle miljøtiltak i landbruket - SMIL 2017

Vår i skogen - Klikk for stort bilete

Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket - SMIL.
Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket.
Søknadsfrist 1.mars.

Sist endra 07.03.2017

Det kan søkjast tilskot til:

Kulturlandskapstiltak
Planleggings- og tilretteleggingstiltak
Forureiningstiltak



Forskrifta legg tilrette for at tilskot kan gjevast til:

- tiltak som bedrar folk sin tilgang til kulturlandskapet og legg til rette for ferdsel til fots. Aktuelle tiltak kan vere utbedring, etablering, rydding og vedlikehald av stiar og turvegar i jordbruksområde. Merking av ferdselsårer og utarbeiding av enkel informasjon.

- tiltak som ivaretek biologisk mangfald og gammal kulturmark. og som legg tilrette for økt biologisk mangfald.Tiltaka skal bidra til å bevare bestandar og oppretthalde leveområde og spredningsvegar. Legge til rette for plante- og dyrelivet på gamal kulturmark.

- tiltak som ivaretek kulturminner og kulturmiljø i jordbruket sitt kulturlandskap. Dette inkluderer alle former for kulturminner ikkje berre kulturminner og anlegg.


Kven kan søkje ?
- Eigarar av ein landbrukseigedom så lenge det foregår produksjon på eigedommen som gir rett til produksjonstilskot..
- Tiltaket må vere knytt til ein registrert landbrukseigedom
- Dersom søkjar er ein anna enn eigar av landbrukseigedommen må eigar gje løyve til gjennomføring av tiltaket
- Tiltak skal ikkje vere starta opp før tilskot blir innvilga.


Søknadsfristen for SMIL- midlane i 2017 er  onsdag 1. mars.
 

Søknadsskjema (DOC, 183 kB)

Vedtekter (PDF, 96 kB)

Veiledning 2015 (PDF, 495 kB)


Søknaden sendast til:
Norddal kommune
pb. 144, 6211 Valldal

Har du spørsmål kontakt næringsavdelinga på tlf. 97 51 53 19
eller e-post: toralv.klokkehaug@norddal.kommune.no

Næringsjefen

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 88 65
Bunnhjørne