Utsiktsrydding i tilknyting til kulturlandskapet

Utsyn frå Blåhornet mot Valldal - Klikk for stort bilete Ein kan søkje om tilskot til utsiktsrydding i tilknyting til landbruket sitt kulturlandskap frå ferdselsårar og betydning for reiselivet.

Tilskot kan gjevast til føretak som er registrert i Einingsregisteret, og som ryddar vegetasjon for å gje betre utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og veinære utsiktspunkt. Dersom søkjaren ikkje er grunneigar eller rettigheitshavar, må det ligge føre skriftleg tillating frå desse.

Områda som blir rydda, skal vere av verdifull karakter sett frå landbruket og reiselivsnæringa si side. Rydningsvirket skal brukast til bioenergiformål, når det er mogleg. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har vedteke retningslinjer for forvaltning av tilskot til utsiktsrydding her i fylket. 


De finn informasjon om ordninga på heimesidene til Fylkesmannen.
På denne sida finn du  informasjon om ordninga, mellom anna meir om vilkåra saman med rettleiing om korleis ein skal gå fram for å søkje tilskot.

 

Fristen for å søkje tilskot er 15.mai 2018

 

Retningslinjer for tilskot til utsiktsrydding

Søknad sendast til:
Norddal kommune
Postboks 144
6211 Valldal