Nyheitsarkiv

100% fast stilling som ingeniør ved felles teknisk etat i kommunane Stordal og Norddal

Kommunevåpen Norddal og Stordal - Klikk for stort bilete Stordal og Norddal kommune har ledig 100% fast stilling som ingeniør ved felles teknisk etat i kommunane Stordal og Norddal frå 1.oktober 2017. Hovudarbeidsstad er Stordal kommune. Søknadsfrist: 21. august 2017. 

Stordal og Norddal kommune ligg ved Storfjorden i Møre og Romsdal.
Kommunane byr på svært gode oppvekstvilkår, eit aktivt kulturliv og attraktive område for friluftsliv både sommar og vinter. Stordal og Norddal kommune har gjort vedtak om å slå seg saman til ein ny kommune frå 01.01.2020.

Arbeidoppgåver

  • Drift og oppdatering av kommunale kartsystem
  • Arbeid etter matrikkellova
  • Oppmåling
  • Sakshandsaming
  • Det vil til ein viss grad vere mogeleg å tilpasse stillinga til søkjar sine kvalifikasjonar/faglege interesser

Kvalifikasjonar/egenskapar

  • Teknisk utdanning frå høgskule/universitet eller tilsvarande
  • Kjennskap til dataverkty og lov/regelverk innan fagområdet
  • Relevant arbeidserfaring er ein fordel, men nyutdanna kan også søkje
  • God evne til muntleg og skriftleg kommunikasjon
  • Serviceinnstilt og løysningsorientert
  • Godt humør

Tilsetting og avlønning skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover,
reglement og tariffavtalar. Det er pliktig medlemskap i KLP med 2 % pensjonstrekk.

Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju. Tiltreding etter nærmare avtale.

For ytterlegare informasjon og spørsmål om stillinga kontakt kst. leiar ved Teknisk Etat, Trond
Alstadsæter tlf 99711252.

Søknad med CV sendast til Stordal kommune, kommunehuset, 6250 STORDAL eller til
postmottak@stordal.kommune.no

Søknadsfrist: 21. august 2017.

Vi gjer merksam på at CV vert nytta til utvida søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli
offentleggjort sjølv om søkjaren bed om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, Jf. Offentleglova §25, 2.ledd

 

Sist endra 28.07.2017