Nyheitsarkiv
Publisert 19.02.2014

eKommune Sunnmøre har inntil 4 stillingar ledig som IT-konsulent / IT-ingeniør. Søknadsfrist 1. mars.

Publisert 18.02.2014

Møre og Romsdal fylke har utarbeidd Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi.   Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi vart av Fylkesutvalet i sak U-1/14 vedteken lagt ut på høyring. Høyringsfristen er sett til 3. april 2014. 

UKM
Publisert 14.02.2014

Barn og unge frå Norddal kan i år delta på Stordal si kulturmønstring søndag16. februar kl 1800. Meir informasjon på Norddal si UKM-side her og på Stordal kommune si side her. Norddal beheld kvota si og sender deltakarar vidare til fylkesmønstringa. Bli med på mønstringa for å sjå og oppleve kva barn og unge i bygdene våre driv med på fritida!

Publisert 11.02.2014

Erika Melchior og Iver Matias Linge Glomnes skal vere kommuneambassadør for Norddal kommune i 2014. Kvar av ambassadørane får eit tilskot frå næringsfondet på kr 10.000 og dei skal profilere kommunen utad på ein god måte.