Nyheitsarkiv
Publisert 24.10.2013

I ei bogestilling oppe på Fetegga har ein steinaldermann for minst 3.-4.000 år sidan laga seg pilespissar. Det viser nye, unike funn. Les meir på Sunnmørsposten sine heimesider.

Publisert 21.10.2013

Det vart sett ny rekord under TV-aksjonen søndag. Statistikken syner at Norddal kommune kom på femte plass i Møre og Romsdal med kr 61,72 per innbyggjar. Dette er veldig bra. Sjå statistikken her.

Publisert 17.10.2013

Onsdag og torsdag denne veka blir det justeringar på dei oppsette opningstidene i tunnelen på grunn av arbeid med sprøytebetong. Det blir ledebil gjennom tunnelen, og det kan blir litt lenger ventetid. Det blir gitt informasjon av personell på staden til ei kvar tid.

Publisert 16.10.2013

Sander Lødøen (13) frå Valldal kom på 2. plass i ein av verdas mest prestisjefulle naturfotokonkurransar. Det vart dermed ei norsk topplassering i konkurransen, som vert arrangert av Natural History Museum i London og BBC Worldwide, med bidrag frå heile 96 land. Sjå bildet, og les meir på NRK sine nettsider.