Nyheitsarkiv
Publisert 10.01.2014

Norddal kommune og Landbruk Nordvest inviterer med dette bønder i Norddal og Geiranger  til kurs i miljøplan I og II.

Kurset er aktuelt både for dei som skal utarbeide miljøplan for første gang, og for dei som har behov for oppdatering av miljøplanen.( Både varemottakarane og myndigheitene set krav om at gardsbruk i drift skal ha miljøplan).

 

Publisert 08.01.2014
Ein idrett for alle.

Erika Melchior er ambassadør for Norddal kommune. Ho er aktivt trialkøyrar, og kan vise til gode prestasjonar i 2013. Du kan lese om henne både på NRK  og Radio Storfjord sine nettsider.  

Publisert 07.01.2014

Det vert oppstart for jegerprøve på Valldal Skule fredag 31. januar kl 18.00.
Det vert 9 samlingar med eksamen i april.
Påmelding og spørsmål til Jan Gunnar Døving, Tlf. 91380465

 

Publisert 07.01.2014

Tirsdag, torsdag og fredag frå 11 til 15.30 er det ope kafe med sal av kaffi og vaflar. Det er tilbod om å delta på ulike aktivitetstilbod på Kraftsenteret. Tilbod du kan delta på er stavgong, stoltrim, seniortreff, frokostgruppe, handarbeidstreff og turar.