Nyheitsarkiv
Publisert 27.09.2013

Formannskapet har i møte 27.09.2013 innstilt Tor Helge Stavdal til stillinga som ny rådmann i Norddal kommune. Tilsetting blir gjort i ekstraordinært kommunestyremøte, dato for møte er ikkje endeleg fastsett.

Publisert 27.09.2013

Kommunen alle lag og organisasjonar til dialogmøte på omsorgsbustaden i Eidsdal måndag 30. september kl 1930 - 2140, sjå invitasjon her (PDF, 283 kB). Påmeldingsfrist 26. september.

Publisert 26.09.2013

Kommunal- og regionaldepartementet har sett av midlar til eit femårig prosjekt for å fremje grunnlaget for næringsutvikling og verdiskaping i fjellområda.
Norddal kommune har potensiale for auka verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda sine, og kommunen fell innanfor definisjonen av fjellområde som kan søkje på den nye tilskotsordninga «Verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda».

Ta kontakt med næringssjefen om du har du konkrete planar for etablering av bedrift eller vidareutvikling av bedrift basert på ressursar i fjellområda i Norddal kommune.

Publisert 26.09.2013

Søknad om opphaldsløyve for utlendingar, reisebevis m.m. skal rettast til Politihuset i Ålesund frå 1. oktober.