Nyheitsarkiv
Publisert 26.09.2013

Kommunal- og regionaldepartementet har sett av midlar til eit femårig prosjekt for å fremje grunnlaget for næringsutvikling og verdiskaping i fjellområda.
Norddal kommune har potensiale for auka verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda sine, og kommunen fell innanfor definisjonen av fjellområde som kan søkje på den nye tilskotsordninga «Verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda».

Ta kontakt med næringssjefen om du har du konkrete planar for etablering av bedrift eller vidareutvikling av bedrift basert på ressursar i fjellområda i Norddal kommune.

Publisert 26.09.2013

Søknad om opphaldsløyve for utlendingar, reisebevis m.m. skal rettast til Politihuset i Ålesund frå 1. oktober.

Publisert 25.09.2013

Trygg Trafikk har utarbeidd ei brosjyre om Sikker skuleskyss. På www.tryggtrafikk.no finn ein fleire gode informasjonshefter.

Publisert 23.09.2013

Kraft- og Skredsenteret i Tafjord er ei nyoppretta stifting, etablert av Norddal kommune og Tafjord Kraftproduksjon AS. Dei søkjer etter dagleg leiar. Søknadsfrist 11. oktober. Les utlysingsteksten her (PDF, 17 kB).