Nyheitsarkiv
Publisert 04.09.2013

I dag pågår det asfaltarbeid på Døvingsida i Valldal. Ein må pårekne noko ventetid.

Publisert 27.08.2013
Valldal samfunnshus

Lag/organisasjonar og andre som ønskjer fast treningstid for sesongen 2013/14, må sende søknad her innan 10. september. Har du spørsmål så ta kontakt med kulturavdelinga.

Publisert 26.08.2013

Fleire nytilsette er no på plass i kommunen:
Karianne Dahl er tilsett som avdelingsleiar for open omsorg i verksemda pleie og omsorg.
Anita Hjelme er på plass som lærar ved Valldal skule, og Anne Kari Ytterdal som miljøarbeidar ved Eidsdal skule. Ingrid Marie Relling startar opp som pedagogisk leiar Dalsbygda barnehage, Eidsdal skule.

Publisert 22.08.2013

Dei siste vekene har det vore hektisk aktivititet med filminnspeling i Valldal, sjå reportasje frå NRK her.