Nyheitsarkiv
Publisert 12.06.2013
Vekas tur til Vikasetra 250609

Vekas tur torsdag 13. juni blir ei naturvandring til Vikasetra på sørsida av Norddalsfjorden/Tafjorden. Oppmøte på kaia i Fjørå kl 1700. Det blir organisert båtskyss så dette er eit flott høve til å kome seg til ei seter mange sjeldan eller aldri kjem seg til elles. Påmelding seinast same dag kl 1200.

Publisert 11.06.2013
Kommunelege

Mazri Khalaf Mhemed tok til i stillinga 1. juni. Han flyttar hit med kone og eit lite barn. Mazri er 46 år gamal, utdanna barnekirurg og praktiserer no som almennlege. Han kjem opprinneleg frå Syria, og er utdanna i Serbia. Mazri har arbeidd i Norge i perioden 2005 -2009, og frå januar 2012 til no.

Publisert 11.06.2013

Anne Nygård er tilsett som økonomisjef i Norddal kommune. Anne Nygård kjem frå økonomisjefstilling i Ørskog kommune og vil starte i Norddal 2. september.

Publisert 07.06.2013

4. juni var det offiisiell opning av Storfjord Helseenter, men helseavdelinga har enno ikkje kome seg i hus. Det har i dag vore befaring på helseavdelinga, og flyttedato vil bli annonsert over helga.