Nyheitsarkiv
Publisert 31.07.2013
Telefon

Vi har hatt feil på telefonsentralen til Norddal kommune som følgje av lynnedslag sist helg. Feilen er no reparert og telefonen skal vere i orden att.

Publisert 31.07.2013

Det er sendt ut valinformasjon til alle husstandane i kommunen som de også kan lese her (PDF, 36 kB). Her er informasjon om manntal, valkort, førehandsrøysting, institusjonsval, ambulerande røysing samt tidspunkt for røysting på valdagen.

Publisert 30.07.2013

For å kunne røyste ved valet i haust må du stå i manntalet i kommunen. Manntalet blir lagt ut til gjennomsyn på Servicetorget i Rådhuset frå 12. juli og fram til valdagen 9. september. Du kan kontrollere om du er innført i manntalet ved å ringe 70 25 88 00. Du kan også kontakte oss på e-post: post@norddal.kommune.no.

Publisert 17.07.2013

NVE melder at det torsdag ettermiddag ventast raskt aukande vassføring på Nordvestlandet på grunn av intens nedbør. I dei fleste elver og bekkar vil vassføringa nå toppen i løpet av torsdag kveld eller natt til fredag. Les heile melding her (PDF, 23 kB).