Nyheitsarkiv
Publisert 14.05.2013
Skilt til Geiranger

Statens vegvesen melder at vegstrekninga Geiranger-Langvatn er open for trafikk frå i dag, 14. mai.

Publisert 14.05.2013
Kulturskule konsert

Har du lyst til å synge, spele kornett eller elgitar? Søknadsfristen for elevplass i Norddal Kulturskule for neste skuleår er 15. mai. Søknadsskjema og informasjon om tilboda, prisar og anna finn du her. Ved spørsmål, kontakt kulturskulen eller servicetorget.

Publisert 13.05.2013

Bente Elisabeth Skarbø starta 1. mai som avdelingsleiar ved Valldal sjukeheim. Skarbø kjem frå jobb i Stordal kommune der ho også var avdelingsleiar i pleie og omsorg.

Publisert 10.05.2013

Måndag startar grunnarbeidet opp på Langereiten i Eidsdal. Det er Vasto Anlegg som er entreprenør. Ein arbeider for å halde framdriftsplanen som er ferdigstilling i september.