Nyheitsarkiv
Publisert 28.10.2019

Årets StikkUT! - sesong er over. Omtrent 23 000 personar har nok hatt gode turopplevingar og registrert over 490 000 Stikk UT! -turar fordelt over heile fylket vårt. Så no er det berre å gle seg til nye turmål neste sesong!

 

Publisert 28.10.2019

Likar du å synge? Bli med på to kjekke dagar med song og moro. Stordal ungdomsklubb inviterer barn og unge frå Stordal, Norddal og Liabygda til songworkshop med Maria Holand Tøsse søndag 10. november og laurdag 15. november.

 

Publisert 25.10.2019

 Har du alt du treng til å klare deg sjølv i tre døgn om vatn og straum plutseleg blir vekk?

Publisert 24.10.2019

Influensaviruset rammar vanlegvis 1 av 10 i løpet av ein sesong. Vanlege symptom på influensasjukdom er feber, nedsatt allmenntilstand, muskelsmerter, slappheit og tette luftvegar. Den akutte sjukdomsperioden varer minst ei veke, og dei fleste vil ha redusert allmenntilstand og arbeidskapasitet ein periode etterpå.