Nyheitsarkiv

Aktivitetar på Kraftsenteret og Frivilligsentralen

Klikk for stort bileteForeldretreff 240909

Tirsdag, torsdag og fredag frå 11 til 15.30 er det ope kafe med sal av kaffi og vaflar. Det er tilbod om å delta på ulike aktivitetstilbod på Kraftsenteret. Tilbod du kan delta på er stavgong, stoltrim, seniortreff, frokostgruppe, handarbeidstreff og turar.

 

Her kan du få inspirasjon og hygge i møte med andre menneske. Gruppa ”Arbeid & Aktivitet ” lagar og sel lunch kvar fredag. Lag og organisasjonar kan nytte Kraftsenteret til møteverksemd.

Tinging av utlån og henting av nøklar skjer gjennom servictorget eller hos leiar på Kraftsenteret.

Har du spørsmål, ta kontakt på tlf. 95 47 28 43 – 70 25 88 00, e-post: frivillig@norddal.kommune.no