Nyheitsarkiv

Avlingsskade

Næringssjefen har vore ute både i vår og sommar og sett på avlingsskader.
Jordbær- og grasavlingar blir nok mykje mindre enn i eit normalår.
Ordninga med tilskot til isåing av vinterskadd eng har søknadsfrist 15. juli.

Dersom du har sådd i meir enn 20 % av engarealet du haustar, vil det bli utbetalt eit tilskot på kr 320,- pr daa for areal som overstig eigenandelen på 20 %. Viser til tidlegare orientering på heimesida om dette, sjå her.

Når det gjeld avlingstap, er det ein eigenandel på 30 % før tilskot blir utbetalt. Her er søknadsfristen 31. oktober både for jordbær og gras.