Nyheitsarkiv

Beredskapskonferanse 2018

Kyr på beite.JPG - Klikk for stort bilete Beredskapskonferansen på Martin Linge huset i Valldal den 9. april kl 1000 er ein viktig møteplass for alle som er opptekne av totalforsvaret . Somme vil meine at jordvern og matforsyning er minst like viktig som eit militært forsvar.

Ein av desse er tidlegare forsvarssjef i Noreg, general Harald Sunde. Han er hovudinnleiar på konferansen som vert skipa til av Norddal kommune i nært samarbeid med fylkesmannen i Møre og Romsdal. Ragnar Ulstein,  krigsveteran, kompani Lingemann og forfattar, vil halde appell. Joackim Rønneberg er og invitert på 78 års dagen etter invitasjonen av Noreg. Fylkesmann Lodve Solholm vil opne konferansen.

 

Formålet med konferansen er å sette fokus på viktigheita av at Noreg har evne til å vere sjølvforsynte med mat i ein krisesituasjon. Det handlar m.a. om å ta vare på matjorda, dvs. på areala og på kvaliteten, og det handlar i tillegg om å ha tilstrekkeleg kornlager. Professor Dag Jørund Lønning meiner at moderne landbruk er ei form for rovdrift som ikkje kan fortsette om verda skal vere sikra ei trygg matforsyning.

 

Sentrale politikarar frå storting og regjering vil bli utfordra på desse spørsmåla i ein paneldebatt under kyndig leiing av NRK journalist Geir Helljesen. Det er grunn til å vente betydeleg temperatur under denne debatten!

 

Dette er ein konferanse du ikkje kan gå glipp av. Ein av vårens viktigaste møteplassar !

 

Dette er ein konferanse som er gratis og open for alle interesserte. Frist for påmelding 6. april kl. 12.00.

Meld deg på her

Programmet finn du her. (PDF, 320 kB)

 

Vel møtt i Valldal 9. april !