Nyheitsarkiv

Bli med på kveldstur!

Klikk for stort bileteFriluftsrådet inviterer til familiekveldstur på Bedringens veg onsdag 6. november kl 1800. Vi går i lag frå parkeringa og vel framme ventar kakao og kulturelle innslag kring bålet.

Klikk for stort bilete Det er berre å møte opp, inga påmelding. Turen passar for alle, også rullestol og barnevogn. Parkering ved turistinformasjonen på hamna. Oppmøte litt før, slik at turen kan starte kl 1800. 
Sunnmøre friluftsråd arrangerer slike kveldsturar i alle medlemskommunane i november.

Turen varer om lag to timar, eller så lenge det passar for deg. Ta med varme kle, sitjeunderlag, kopp og hovudlykt.

Vel møtt til ein triveleg novemberkveld i friluft!