Nyheitsarkiv

Bli med til Hegguraksla!

Klikk for stort bileteMåndag 19. august kan du få god oversikt over Norddal kommune om du blir med på vekas tur til Hegguraksla. Herifra har du utsyn til alle dei fem bygdene våre.

Oppmøte på parkeringsplassen på Hauge kl 1800.

Vi følgjer setervegen 2,5 km oppover til Nysetra. Vidare derifrå på rås til Hegguraksla, først slakt oppover, etterkvart meir stigning. Varden på Hegguraksla ligg 1000 moh. og gir eit flott og vidt utsyn både innover Tafjorden og utover Norddalsfjorden og til bygdene og fjella ikring. Valldal IL har trimpost her. Det er god rås vidare innover til Heggurdalstølen, og litt innanfor varden kan ein sjå ned til overvakningsbasane for fjellskred. Staden der Langhammaren rasa ut og forårsaka Tafjordulukka i 1934 er også godt synleg.

Turen går på grusveg og god rås og tek 3-4 timar inkludert kaffi- og fotostopp. Vel møtt!

Turleiar er Valldal IL/Andreas Håvoll (tlf 91889745).

Klikk for stort bileteKlikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Neste vekas tur går til Møllsvatnet i Eidsdal /Geiranger torsdag 22. august.

Oppmøte på parkeringsplassen på Korsmyra på Ørnevegen kl 1800.
 

Laurdag 14. september inviterer vi til fellestur frå Stordal til Valldal.

Eva Hove og Per Magnus Berdal er turleiarar.

Oppmøte på Langsetrane kl 10. Det blir organisert skyss tilbake for å hente bilane.