Nyheitsarkiv

Bli med til Møllsvatnet!

Klikk for stort bileteTorsdag 22. august går årets siste vekas tur til Møllsvatnet i Gråsteindalen. Der er det også StikkUT-post!

Oppmøte og start frå parkeringsplassen på Korsmyra, like før nedstigninga til Geiranger, kl.18.00. Ferge frå Linge kl.17.20.

Fin kveldstur då sola skin lenge i Gråsteindalen og ved Møllsvatnet. Råsa på høgre side av elva kan vere litt blaut some stader, men vi kan og gå grusvegen så langt den går. Elles tørt og lett terreng, om lag 200 høgdemeter stigning. Ingen bratte bakkar. Turen tek ca. 2,5 time. Turleiar er Eidsdal IL/ Torveig Klamdal (tlf.93452990)

Gråsteindalen tilhøyrer Geiranger, men er beiteområde for Indreeide i Eidsdal og eit fint turområde og utgangspunkt for lengre turar, til dømes til Skorene. Det er også muleg å gå vidare til Grandevatnet, det er ikkje så langt.

 

Klikk for stort bileteKlikk for stort bileteKlikk for stort bileteTakk for følgjet på vekas tur i nye Fjord kommune. Vi håper nokon av dykk har blitt litt betre kjende i den nye, flotte kommunen vår. Vi har mange andre fine turmål, vi oppmodar dykk til å ta ein tur til eit nytt turmål i haust!

 

 

Klikk for stort bileteBli med på tur frå Stordal til Valldal!
Laurdag 14. september markerer vi overgangen til Fjord kommune med å gå frå Stordal kommune til Norddal kommune. Oppmøte på parkeringsplassen ved Kvitlebrua på Langsetrane kl 10.00. Turen tek 5-6 timar. Det blir organisert skyss tilbake til startpunktet for å hente bilane.
Turleiarar er Eva Hove og Per Magnus Berdal.