Nyheitsarkiv

Bok- og mållagskveld på biblioteket

Velkomen til Bok- og mållagsmøte i kveld, torsdag 31. oktober, klokka 18 på biblioteket i Valldal.

Kvelden byrjar med forfattar Ingunn Røyset. Ho har skrive fleire bøker for barn og unge, som har fått veldig god mottaking. Ho vil snakke om forfattarskapen og lese frå nokre av bøkene.

Med på møtet blir Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, opphaveleg frå Brattvågen og politisk rådgjevar i Noregs Mållag og Frida Pernille Mikkelsen, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom.

Desse tre er ein del av Nynorskstafetten. Eit samarbeid mellom Noregs Mållag og Norsk Målungdom. For sjuande gong reiser vi på Nynorskstafetten. Denne gongen tre veker på Nord-Vestlandet. I løpet tre veker planlegg vi å treffe 12 lokallag, over 40 skular, over 20 barnehagar og 13 ordførarar eller varaordførarar på Nordvestlandet.

Bokåret 2019 har støtta Nynorskstafetten, slik at vi har med forfattarar gjennom alle desse tre vekene!