Nyheitsarkiv

Brannøving

Det har vore halde brannøving for tilsett i omsorgtenesta i kommunen. Øvinga vart halden i og ved Valldal sjukeheim og i alt 110 personar tok del. Forutan teori var det praktisk øving i brannslokking med pulver-/skumapparat og ulike metodar for slokking av sengebrann.
Hovudinstruktør var Arnold Rørstad frå Det interkommunale brannvernet.