Nyheitsarkiv

Bruk av helikopter for kartlegging av fjellskred og ustabile fjellparti

Norges Vassdrag- og Energidirektorat (NVE) har det statlege ansvaret for å utføre kartlegging av store fjellskred og ustabile fjellparti i Norge. På oppdrag frå NVE utfører Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) denne kartlegginga, som i Norddal kommune vil foregå i tidsrommet 26.august - 9.september.

Kartlegginga av ustabile fjellparti og store fjellskred pågår primært i høgtliggande fjellområder, og inkluderer geologisk feltbefaring og innmåling av GPS-punkt i dei ustabile fjellpartia. Kartet viser kva område i Norddal kommune som det blir sett nøyare på.