Nyheitsarkiv

Drømmestipendet 2020

Klikk for stort bilete 100 nye kulturutøvarar skal våren 2020 få til saman 1,5 millionar kroner i form av Drømmestipendet 2020. No er jakta på gode draumestipendkandidatar i Fjord kommune i gong.

Er du mellom 13 og 20 år, driv med ein kulturell aktivitet og har ein draum som omfattar denne aktiviteten/hobbyen din? Då er kanskje Drømmestipendet noko for deg!

Drømmestipendet vert utdelt i regi av Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping, og også i 2020 skal det delast ut 100 stipend à 15 000 kroner, til saman 1,5 millionar kroner. Gjennom denne stipendutdelinga ønskjer ein å synleggjere kommunane sitt arbeid for born og unge.

Kandidatane må altså vere mellom 13 og 20 år (fødd tidlegast i 2000 og seinast i 2007) og drive med enten musikk, dans, visuell kunst, teater, skapande skriving, sirkus eller ein annan kulturell aktivitet.

Alle norske kommunar kan nominere så mange utøvarar dei ønskjer i kvar av kategoriane. Målet med både nominasjonen og stipendet er at mottakarane skal få motivasjon og inspirasjon til å utvikle seg vidare, og mogelegheit til å få oppfylt nokre av sine kulturdraumar.

Det er rektor i Fjord kulturskule som er ansvarleg for å nominere unge kulturutøvarar frå Fjord kommune til Drømmestipendet.

Alle som ønskjer å bli vurdert som draumestipendkandidatar vert oppfordra til å ta kontakt med kulturskulen v/rektor så fort som mogleg for å få meir informasjon: Epost eller tlf: 916 999 39.

Søknadsfrist for Fjord kommune: 15. januar.

Vil du vite meir kan du gå inn på Drømmestipendet sin nettstad:  

https://www.drommestipendet.no/