Nyheitsarkiv

Etterregistrering for dei som søker produksjonstilskott og tilskott for ferie og fritid, fristen er 10.januar

Dei opplysningane som kan etterregisterast i fram til og med 10. januar er:

  • Avløysarutgifter i 2018 som føretaket har hatt etter 15. oktober
  • Dyr som er sanka fra utmarksbeite etter 15. oktober
  • Frukt, bær, veksthusgrønsaker og salat på friland selde etter 15. oktober

 

 

Du treng ikkje å etterregistrere avløyserutgifter dersom føretaket allereie ved utfylling av søknad del 2 (frist 15. oktober) hadde hatt og registrert avløyserutgifter som var minst like store som føretaket sitt potensielle tilskotsgrunnlag.

Dei etterregistrerte opplysningane skal leggjast til dei tala du allereie har fylt ut i søknaden.
Eksempel: Då du leverte søknad i oktober oppgav du at du hadde 20 000 kroner i avløyserutgifter så langt i 2017. Du har i ettertid hatt 10 000 kroner meir i utgifter.Når du då etterregistrer dei siste avløysarutgiftene dine, oppdaterer du talet i søknaden til 30 000 kroner (20 000 kr + 10 000 kr).

Etterregistreringa av opplysningane skjer i same søknadsskjema som du fylte ut tidlegare.

Du loggar inn i den elektroniske søknaden frå denne sida