Nyheitsarkiv

Fastlege

Norddal kommune sin kommuneoverlege, Martin Unger sluttar, og vil etter 18.10.2018 ikkje lenger vere tilsett i kommunen.

Kommunen takkar Martin for arbeidet og ønskjer han lykke til vidare!

Kommunen vil frå 22. oktober ha ein legevikar som vil ta over pasientlista til Martin Unger. Abeer Muner vil bo og jobbe i kommunen fram til 31. desember 2018.

Abeer er ei kvinne i tredveåra og har det siste året jobba for Sentrumslegane i Notodden. Kommunen er glad for å få inn ein vikar som kan vere her i ein lengre periode fram til ny lege er på plass.