Nyheitsarkiv

Førehandsrøysting

valglogo_300pxl.jpg - Klikk for stort bilete

 Førehandsrøyster for Stortings- og sametingsvalet 2017 skal takast imot ved servicetorget i Rådhuset i Valldal frå kl. 09.00 -15.00, i perioden 10. august t.o.m. 8. september 2017. Det vert førehandsrøysting laurdag den 2. september ved omsorgsbustaden i Eidsdal kl. 11.00-13.00, og på  servicetorget kl. 14.00-16.00.  

Er du forhindra frå å røyste på valdagen eller førehandsrøyste denne perioden, kan du likevel søkje om å få avlegge førehandrøyst frå 1. juli (tidlegrøyst) og fram til den ordinære førehandsrøystinga startar.

 

Dersom du ønskjer å førehandsrøyste bør du ta med deg valkort.

Husk legitimasjon !

 

Ambulerande røysting:

Dersom du ikkje kan møte opp i røystelokale på valdagen på grunn av sjukdom eller uførleik, kan du sende søknad til valstyret og be om å få røyste heime eller der du oppheld deg.

 

Søknader om ambulerande røysting må vere kome valstyret i hende

innan 5. september 2017.

Adressa til valstyret er:        Norddal Valstyre, Postboks 144, 6211 Valldal

 

Sist endra 11.08.2017