Nyheitsarkiv

Frivillig innsats gjer noko med deg!

Logo frivilligsentralen - Klikk for stort bilete

I dag 5.desember feirar verda den internasjonale frivilligheita sin dag.

Enkelt-frivillige, lag og foreiningar, næringsliv eller offentleg fellesskap -alle er like viktige og dykkar engasjement betyr mykje for oss som bur her.   

Norge ligg på verdstoppen målt i frivillig innsats. Ordet «dugnad» har blitt kåra til vårt nasjonalord! Frivilligsentralen i Norddal gjer hjelp og støtte til frivillige lag og støtter opp om lokale initiativ. Sentralen er med og utvikla nye samarbeidsområder, samordnar, motiverer og jobbar som koordinator for mange tiltak.

Takk for stort engasjement og gratulerer med dagen!

Frivilligsentralen i Norddal finn du på rådhuset i Valldal.

Tlf. 95472843 el 70258837 e-post; frivillig@norddal.kommune.no

Sist endra 05.12.2017