Nyheitsarkiv

Fv. 63 Eidsdal - Geiranger nattestengt

Statens vegvesen stenger fv. 63 mellom Eidsdal og Geiranger frå klokka 20 i kveld på grunn av den venta nedbøren som gir skredfare. 

 

Vegen blir vurdert opna når dagslyset kjem i morgon. Prognosene for opning er gode, så det blir ikkje sett inn beredskapsferje. 

 

Fv. 655 Norangsdalen blir stengt frå klokka 18 grunna skredfare. 

 

Begge vegane kan bli stengt på kort varsel om nedbøren kjem tidlegare enn meldt. 

 

Statens vegvesen har SMS-varsling om stengt veg på Eidsdal-Geiranger. Send GEIRANGER START til 2252 for å melde deg på. 

 

Kontaktperson i Statens vegvesen:

Byggeleiar Kåre Berge, telefon 911 30 698

 

Sist endra 22.12.2017