Nyheitsarkiv

Gratis HPV-vaksine for kvinner fødde i 1991 og seinare

hpv-jenter-studier.jpg - Klikk for stort bilete

Det pågår no ein nasjonal kampanje på sosiale mediar og sms, retta mot unge kvinner fødde 1991, for å minne om tilbodet om gratis HPV-vaksine og om å ta resterande dosar for dei som har begynt vaksineringa. Alle kvinnene i målgruppa skal ha fått sms i veke 44, og det er lagt ut informasjonsfilm om HPV og HPV-vaksine på Facebook, Instagram og YouTube.

Vaksinasjonsprogrammet starta hausten 2016 og varer fram til 1.juli 2019. Då vaksinen blir gitt i 3 dosar, og med eit intervall på minimum 6 mnd, betyr dette at første dose må vere gitt seinast i løpet av desember 2018 dersom ein skal vere ferdigvaksinert før 1.7.2019.

 

I Norddal kommune vil vi tilby vaksina ved helsestasjonen i Valldal gjennom heile året. Vi vil sørge for å ha vaksiner tilgjengeleg, og det er berre å ta kontakt for timebestilling på tlf/sms. Dei som har påbegynt vaksinering i ein annan kommune kan få fullført vaksinasjonen her, og dei som har påbegynt vaksinasjonen her kan fullføre den i ein annan kommune ved å ta kontakt med helsestasjonen.

 

For meir informasjon kan du sjekke denne nettsida. Der er også filmane frå kampanjen lagt ut:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/hpv/?gclid=Cj0KCQiAlpDQBRDmARIsAAW6-DN90Vneavoplwv_S3J2_angxHvUMvDAv83IrzLnUAloPrhxvSIU8OEaAtiIEALw_wcB

 

Ta kontakt med helsesøster for timeavtale:

Gerd Elin Breivik Haga, tlf. 70 25 89 12

Ingrid Linge, tlf. 70 25 89 10

Mobil 47 81 41 54

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine

Sist endra 09.11.2017