Nyheitsarkiv

Historisk rundtur i Tafjord

Tafjord - Klikk for stort bilete Vekas tur i Fjord kommune torsdag 13. juni går til det aller første kraftverket i Tafjord, og til StikkUT-posten i bygda. Oppmøte på parkeringsplassen ved Kraft og Skredsenteret i Tafjord kl 1800. Alle er velkomne til å vere med!

Turen startar ved kraftstasjonen Tafjord 1 og går opp langs det gamle, tørre elveleiet. Første stopp blir ved restane av det første kraftverket som var i Tafjord.  Det blei etablert i 1918 for å forsyne anleggsarbeida som starta då med straum.

Vidare går turen opp til Storsvingen der ein får flott utsikt over Tafjordbygda og fjorden. Så ruslar vi vidare til «Sessane».  Dette er ein plass i skogen som har vore samlingsstad for ulike aktivitetar i mange tiår. Her har skuleklasser hatt undervisning og det her vore arrangert friluftsgudstenester. Etter ein stopp her går turen forbi Stikk UT! posten, og tilbake til startpunktet.

Dette er ein forholdsvis lett tur i tørt terreng, og vi brukar ca 1,5 time inkl. stopp.
Turleiar er Berit Engeseth (90895115) og Oddbjørn Lianes/ Tafjord Kraftproduksjon.

Bli med på ein spennande tur i lokalhistorien vår!
 

NB! Den planlagte turen til Bispevatnet måndag 17. juni blir utsett på grunn av snøforholda. Ny dato blir truleg måndag 1. juli.

 

Onsdag 19. juni går vekas tur Rundt Kleiva frå Langsetrane, i lag med Stordal Turlag. Oppmøte på Stordal skule kl 1800, eller ved bommen på Puskebrua kl 1815.  

Parkering ved Puskebrua. Vi går på grusveg gjennom fellesbeitet til brua over elva i Jolbotn. Vi går over brua og opp Kleivabotn. Det er ein del myr i dette området. Etter kvart må vi opp og kjem til Kleivavatnet. Vi skal følgje vatnet rundt. På vegen må vi klatre ned Fantehammaren og gå forbi hytta til tresfjordingane. Her får vi sjå ned Tresfjorden. Vidare fortset vi langs vatnet og ned Jolbotn til utgangspunktet. Fin, men lang tur.
Turleiar er Ruth Janne Vinje/Stordal Turlag.


Vel møtt på tur!
 

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete Frå vekas tur 3. juni, bygdevandring på Dyrkorn (foto: Eva Hove)