Nyheitsarkiv

Husk søknadsfrist 15. januar

Norddal og Stordal kommunar skal fram til 01.01.2020 bygge ein ny kommune. For at lag/organisasjonar, institusjonar og bedrifter i dei to kommunane skal bli betre kjent, har fellesnemda for Fjord kommune oppretta eit kulturbyggingsfond for 2018 og 2019.

Det kan søkjast om tilskot på inntil 10.000 kr til tiltak/aktivitetar/arrangement som er med på å byggje saman dei to kommunane, og som inviterer og inkluderer innbyggjarane i dei to kommunane. Midlane vert utlyst og fordelt etter fire søknadsrundar. Første søknadsfrist er 15.januar, 15.mai og 15.oktober 2019.
 

Søknadsskjema