Nyheitsarkiv

Invitasjon til verkstad laurdag 30.august - tettstadanalyse for Valldal

Tettstadanalyse - ferjekaia - Klikk for stort bileteTettstadanalyse - ferjekaia Liv Marit Nystad Velkomen til open verkstad på ferjekaia førstkomande laurdag kl. 13.00.

Varaordførar Viktor Valdal vil opne Refleksjonar, ein utandørs kunstinstallasjon laga av skuleelevar frå Valldal og  Eidsdal skule i samarbeid med Arkitektgruppen Cubus.  Det vert utstilling og presentasjon av arbeidet så langt med tettstadsanalysen for Valldal, og vi vil gjerne ha dine innspel!


 

Tettstadsanalyse - elevar 7.klasse - Klikk for stort bileteTettstadsanalyse - elevar 7.klasse Liv Marit Nystad Norddal kommune har engasjert Arkitektgruppen Cubus i arbeidet med tettstadsanalyse for Valldal. I analysen skal vi mellom anna finne aktuelle utbyggingsområde, utvikle strategiar for ei berekraftig, framtidig utvikling av den eksisterande bygningsmassen, samt finne gode lokalitetar for møteplassar og kva dei kan romme.  Det er innbyggjarane sjølve som vil ta arenaene i bruk når dei står ferdige, og vi håper dette arrangementet kan bidra til å byggje nettverk og styrkje fellesskapet mellom ulike aktørar i kommunen. I samarbeid med Arkitektgruppen Cubus inviterer Norddal kommune til verkstad for å få innspel til bruk, utforming og lokalisering av ulike funksjonar i Valldal.

De er velkomne til å delta på ei lita vandring i sentrum frå kl 13:30.

Her ser vi på 4 stader der vi har tilført området ny, midlertidig bruk gjennom enkle markørar. Det vert sett opp ei ny vandring kl 14.00 dersom det er interesse for det.
Valldal skulekorps vil halde ein minikonsert på kaia ved opninga, og det vert lett servering.


Har de spørsmål, kontakt oss på liny@norddal.kommune.no  eller tlf. 90 28 94 05.


Vel møtt!

Invitasjon (PDF, 2 MB)