Nyheitsarkiv

Kartlegging og verdsetjing av friluftsområde

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete

Norddal og Stordal har gjennomført ei kartlegging og verdsetjing av friluftsområda i kommunane. Dette er ein del av eit nasjonalt mål om å sikre friluftslivet for framtida. Resultatet skal bli tilgjengeleg i Naturbase, ein nettstad drifta av Miljødirektoratet.

Formålet med kartlegginga er å identifisere, utvikle og ta vare på areal for friluftsliv, både no og for komande generasjonar. Kunnskapen vert eit grunnlag i arealplanlegging- og forvaltning, og skal sikre at innbyggarane kan drive eit variert friluftsliv. Dette er viktig både i nærmiljøet og i naturen ellers. Det er også eit mål å sikre og utvikle område med ulike kvalitetar - for å skape eit breitt tilbod av friluftsaktivitetar.

Arbeidet så langt

Planleggar og folkehelsekoordinator har gjennomført seks møte. Vi har fått god hjelp både av lokale kjentfolk i  Norddal og Stordal og av Sunnmøre friluftsråd i kartlegginga. På møta teikna vi inn områda som vi veit blir brukt til friluftsaktivitetar, og vurderte verdien av desse ved hjelp av ulike kriterium som var gitt på førehand.

Kartlegginga skal innehalde lokalkunnskap om all aktivitet utendørs, frå det nære friluftslivet til dei lengste turløypene og fjellturane.
 

For at kartlegginga skal bli så dekkjande som råd så ønskjer vi innspel til kartet over friluftsområde i Norddal og Stordal. Finn du manglar i kartet? Gi oss beskjed!
 

Om du har kommentarar til eit spesifikt areal, til dømes at avgrensinga er feil eller mangelfull, om du er uenig i områdetype eller verdsetjing som er foreslått, eller om du vil foreslå nye område, vil vi at du merkar dette av i kartet og gir oss tilbakemelding.

Slik gjer du det:

1. Velg teikneverktøyet, palettsymbol øvst til venstre.

2. Her kan du markere eit område og skrive litt om det. Trykk lagre.

3. Om du vil: Forklar innspelet ditt ein e-post og send det inn.

 

Du kan også ringe oss eller sende oss ein e-post med innspel, utan at du teiknar noko inn på kartet.

Send til post@norddal.kommune.no innan 1. mai 2019.

Ta gjerne kontakt med planleggar Martin Hove eller folkehelsekoordinator Kristi Linge Stakkestad på tlf 70258800.

Klikk her for å hente inn kartet

Venstreklikk i kartet for å få opp informasjon om områda.