Norddal kommune skal stimulere til eit lønsamt, nyskapande og berekraftig næringsliv som primært tek utgangspunkt i næringar som har naturlege konkurransefortrinn i området.
Hovedmålet er utforma i 3 delmål:
-
Fleire og meir overlevingsdyktige verksemder
-
Fleire arbeidsplassar
-
Auke folketalet med minst 50 innbyggarar i planperioden
Finansiering frå næringsfondet kan berre gjevast i form av tilskot. Samla finansiering frå fondet til private næringstiltak skal som hovedregel ikkje vere meir enn 50 % av samla kapitalbehov for prosjektet. For prosjekt som har særleg stor verdi i høve til Strategisk næringsplan, kan næringsfondet vere med på inntil 75 % av finansieringa.
Vi gjer merksam på at vedtekter og retningsliner er justerte, og at det har kome inn nye krav til innhald og dokumentasjon i søknaden.
Søkjar SKAL ta kontakt med Fjordhagen AS på tlf. nr. 48 99 54 60 eller post@fjordhagen.com i samband med søknadsprosessen. Denne tenesta er gratis.
Send søknad via www.regionalforvaltning.no
I tillegg til det som går fram av søknadsskjemaet, ynskjer vi diverse tilleggsopplysningar – sjå vedlagte skjema (Mal for opplysningar om bedrifta)
Viser også til vedlagte vedtekter og retningsliner for næringsfondet.
Kontaktperson i Norddal kommune er Toralv Klokkehaug.
Søknadsfrist torsdag 1.mars
Retningslinjer for næringsfondet 16.02.2017 (PDF, 15 kB)
Vedtekter for næringsfondet 16.02.2017 (PDF, 13 kB)
Mal for opplysningar om bedrifta (PDF, 329 kB)