Nyheitsarkiv

Kor mykje mat blir produsert av bøndene i Norddal kommune ?

Geit - Klikk for stort bilete Landbruksdirektoratet har laga eit nytt vektøy der ein kan sjå kor mykje mat som blir produsert i kvar enkelt kommune eller fylke. Ein kan søke på leveransgrupper inndelt i kommune og fylke.

Statistikken ligg på Landbruksdirektoratet sine heimesider. Ein kan sjå at i Møre og Romsdal er det produsert 146 930 566 liter mjølk, av dette er 3 626 150 liter produsert i Norddal kommune. Norddal kommune er ein av dei største på slaktergrisproduksjon i Møre og Romsdal med 223 574 kg levert til slakteri. Saman med Stranda og Ørsta er Norddal i toppen på geiteslakt.

Sist endra 14.01.2016