Nyheitsarkiv

Kultur- og folkehelseutvalet på besøk i Norddal

Sist onsdag heldt kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal møte i Valldal. Først var det tur til Lingåsen der kommunen orienterte. Deretter fekk dei orientering om Muritunet, helsesenteret og Norsk senter for seniorutvikling. Etterpå var det tid for det ordinære møtet.

Utvalet vart presentert for det rike mangfaldet som finst i kommunen, og det frivillige arbeidet vart framheva som særs viktig.