Nyheitsarkiv

Kulturpris og eldsjelpris

Glede - Klikk for stort bilete

Norddal kommune skal dele ut kulturpris og eldsjelpris. Frist for å kome med forslag på aktuelle kandidatar er sett til 1. november.

 

 

Kulturpris
Kulturprisen kan delast ut kvart år. Prisen kan gjevast til einskildpersonar, grupper eller lag og organisasjonar som høyrer heime i Norddal, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats.

Vedtekter kulturpris (PDF, 21 kB)

 

Eldsjelpris

Prisen skal gå til ein person eller organisasjon som er fylt med iver og begeistring, gjer eller har gjort ein innsats til beste for lokalsamfunnet.

Vedtekter eldsjelpris (PDF, 20 kB)


Alle kan kome med framlegg til kandidatar.

 

Framlegg eller søknad må sendast Norddal kommune, pb. 144, 6210 Valldal, eller på epost til post@norddal.kommune.no.

 

Sist endra 20.10.2017